Fiske:

10 tips til fisketurar i Skjåk Almenning

Anten du fiskar med sluk, mark eller fluge, i elv eller vatn, høgt til fjells eller i grøne elvar i dalbotnen – Skjåk Almenning har noko som passar. Her får du tipsa rett frå dei lokalkjente.

Fiske i Skjåk.
Fiske i Skjåk.

Skjåk Almenning er Noregs største private eigedom og Almenninga er eigd av ikring 200 gardsbruk og vel 350 bruk har bruksrett. 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor grad preg av urørt natur og sine verneverdiar.

Det er også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske og du treng berre fiskekort frå Skjåk Almenning for alle turane.

Skjåk Almenning leiger også ut 17 hytter som du kan sjå her.

Her får du dei lokalkjente i almenningen sine tips til ti fisketurar. Anten du er ein erfaren fiskar eller heilt fersk, om du vil ha ein dagstur eller er klar for ein tur langt inn i fjellheimen, finn du tips som passar for deg her.

Høgfjellsturen:

Dørtjønne i Skjåk.
Høgfjellet i Skjåk kan ta pusten frå deg, og når fjellet er godlynt kan auren ta både sluk, mark og fluge. Her frå Dørtjønne på 1500 moh.

Turen tek utgangspunkt frå Tundradalssætren. Hit kan du køyre med personbil til 900 moh. Frå her fylgjer du ein fin sti 8 km inn til Grønstorr.

Her kan du leige Grønstorrbu frå Skjåk Almenning. Hytta er godt utstyrt. Sovepose og mat er det einaste du treng å ta med deg.

I Tundradalen kan elva Tundre ofte gjeva gode fiskeopplevingar. Dei små kulpane og stillene innover er fine både for flugefiske, spinnar og mark. Finast er det inne ved hytta.

Frå Grønstorrbue har du eit fantastisk utgangspunkt for høgfjellsfiske som ligg i Breheimen Nasjonalpark. Ta turen opp til Storgrovtjønnen, Grønstorrgrovtjønne, Storsteintjønne og Skauttjønnen. Desse tjerna kan by på veldig gode opplevingar!

Tjerna ligg på 14-1500 moh. og er slik sett på det jamne islagte fram til fyrste delen av juli. Ver også observant på villrein i dette området slik at du ikkje uroar den. Gå gode omvegar rundt dei og unngå av dei får lukta av deg. Enkelt sagt; pass på å ikkje få vinden i ryggen mot dyra.

Nærturen

Kva sym i det grøne vatnet? Oppover Mysubyttdalen er landskapet fantastisk og fiskemoglegheitene mange
Kva sym i det grøne vatnet? Oppover Mysubyttdalen er landskapet fantastisk og fiskemoglegheitene mange

Her tek me utgangspunkt frå Sota Sæter. Frå her fylgjer du grusvegen innover mot Mysubytta. Etter å ha passert to bruer går du over på ein fin sti som tek deg til Røykjeskålsvatnet.

Området har vernestatus blant anna på grunn av den gamle urørte furuskogen. Her kan du stongfiske i fine stiller oppstrøms til Røykjeskålsvatnet.

Dersom du ynskjer å utvide turen, er det godt fiske både i Syrtbyttdalen og Mysubyttdalen. Landskapet her vil garantert ikkje skuffe deg! Ved ein utvida tur kan det imidlertid vere godt å sikre seg returskyss frå Mysubytta.

Fisketur med hytte for heile familien

Aursjohytta og bua ved sidan er lett tilgjengeleg med bil og lèt deg starta turen på 1000 moh. Utsikten er også heilt ok.
Aursjohytta og bua ved sidan er lett tilgjengeleg med bil og lèt deg starta turen på 1000 moh. Utsikten er også heilt ok.

Området rundt Aursjoen er eit godt alternativ for familien som ynskjer å sanke gode og lite krevjande naturopplevingar. Hit kjem du med personbil heilt til 1000 moh.

Skjåk Almenning tilbyr utleige av Aursjohytta som er ei høgstandarhytte. Alternativt kan du også leige Aursjobua like ved som er av enklare standard.

Frå her har du gode fiskemoglegheiter i lettgått terreng med korte distanser. Lykretjønne, Aursjotjønne, Flåtåtjønne og Einingstjønne er aktuelle alternativ. Skjåk Almenning har også båt, fiskegarn og redningsvestar lett tilgjengeleg for bruk på Aursjoen.

Familietur med teltovernatting

Ein fisketur med telt i Skjåk Almenning byr på fleire opplevingar enn berre fisket.
Ein fisketur med telt i Skjåk Almenning byr på fleire opplevingar enn berre fisket.

Vil du bu i telt har du utruleg mykje å velge blant i Skjåk Almenning. Kjerringtjønnen er eit godt eksempel. Parker ved Kjerringelva langs gamle Geirangerveg vest for Grotli Høyfjellshotell. Frå her går det merka sti oppover til Kjerringtjønnen langs elva. Kort avstand (1,6 km) og ei stigning på gode 200 høgdemeter.

Dette området er perfekt for både unge og vaksne. Her er det eit mangfald av små og store tjern som er godt eigna for både fiske og bading. Dette i eit urørt område der ein som oftast ikkje ser andre menneskjer.

Tur for spesialisten

Spegelblankt høgfjellsvatn. Det skjer ikkje så ofte, men du gløymer det neppe.
Spegelblankt høgfjellsvatn. Det skjer ikkje så ofte, men du gløymer det neppe.

Med «spesialisten» meiner vi fiskaren som tek seg fri frå arbeid og nyt 4 feriedagar for å sanke nye fiskeminner. Kjenner du deg att? Da kan denne ruta passe deg godt.

Turen tek utgangspunkt frå den austre enden av Aursjoen. Hit kjem du med personbil og kan dermed starte turen 1000 moh. Vi vil anbefale å gå stien inn til Storhøbua som Skjåk Almenning leiger ut.

Etter ein passande kvil vil vi anbefale å prøve kveldsfiske i dei mindre tjerna vest for Leirungsvatnet. Her vil du kunne få fisk i kilosklassa. På dag to vil vi anbefale å gå vestover til Sveinbue, som også er ei av almenninga sine utleigehytter.

Dette utgjer ei distanse på rundt 15 km, men i flatt og lettgått terreng. På tur til Sveinbue passerer du ei rekkje perler for stong- og oterfiske. Jehanshøtjønne, Meborrotjønne, Bobergtjønne og Såvårhaugtjønne for å nemne nokre. Det mest spennande her er at storfisken kan bite der du minst ventar det.

Vi vil anbefale å overnatte to netter i Sveinbue for å prøve mangfaldet av tjern i området rundt hytta. På returen til bilen vil vi anbefale å gå via Aukarsvatnet og prøve lykka der.

For flugefiskeren

Fluefiske i Ottaelva i Skjåk.
Skjåk har mange spennande fiskestader for flugefiskarar. Aure og harr er vanlege fiskeslag. Auren i Ottaelva kan fangast på fluge tidleg om våren, når elva er liten før snøsmeltinga set til.

For flugefiskaren som vil fiske i rennande vatn er det særleg tre område vi kan anbefale i Skjåk; Skim, Ottaelva i Nordberg og elva mellom Heggebottvatnet og Pollfoss.

Skim er Ottaelva som breier seg ut austover frå Marlo. Dette vassdraget er svært godt eigna for flugefiske både etter aure og harr. Klimaet i Skjåk gjer sesongen lang med tanke på variasjon i klekkingar. Prøv ein tur før snøsmeltinga tiltek, og hugs polaroidbrillane ....

Elvestrekninga mellom Heggebottvatnet og Pollfoss via Pollvatnet er også godt eigna for flugefiske.

Men ta gjerne med deg flugestanga til høgfjellsvatna òg. Treffar du med vêret kan både bibio, stankelbein og vårfluger gi godt fiske. Det same gjeld fiske med nymfer og diverse imitasjonar av gammarus.

For deg som jaktar den store auren

Du kan få høgfjellsaure som dette i mange av vatna i Skjåk Almenning, og av til bitar dei der du minst ventar det.
Du kan få høgfjellsaure som dette i mange av vatna i Skjåk Almenning, og av til bitar dei der du minst ventar det.

Dersom du er på jakt etter storauren, så har Skjåk Almenning ei meget aktuell rute for deg. Denne tek utgangspunkt frå Billingen med DNT-sti innover Tordalen.

Vidare fylgjer du elva Spongåe til Storvassbue som du kan leige av Skjåk Almenning. I dette området, som er ein del av Reinheimen Nasjonalpark, er det mange gode alternativ for stong- og oterfiske.

Bollvatnet, Spongvatna, Storvatnet og Dørtjønne «husar» alle fisk i god kondisjon. På returen til Billingen er det ei fin rute å gå via «Dør», Skarvedalen og ned langs elva Føysa. I så tilfelle er det glimrande å overnatte ei natt i Skarvedalshytta. Her er det også fleire gode vatn og tjern med storfallen fisk.

I dette området kan det ofte vere villrein. Ver observant på dette slik at dei ikkje blir uroa. Gå gode omvegar rundt dei og unngå av dei får lukta av deg. Enkelt sagt; pass på å ikkje få vinden i ryggen mot dyra.

Turar for garnfiskare

I Skjåk Almenning kan. alle skaffa seg skikkelege aurefangstar på garn, og kvaliteten på fisken er ofte førsteklasses.
I Skjåk Almenning kan. alle skaffa seg skikkelege aurefangstar på garn, og kvaliteten på fisken er ofte førsteklasses.
Grønvassbu i Skjåk Almenning er triveleg og godt utstyrt. Moptorbåt og garn er med i leiga.
Grønvassbu i Skjåk Almenning er triveleg og godt utstyrt. Moptorbåt og garn er med i leiga.

I Skjåk Almenning fiskar alle med garn på like villkår med unntak av grensevatna (Storvatnet, Kolbeinsvatnet og Leirungsvatnet). Vi vil anbefale Grønvatnet for den som har føresetnadene for å gå i 4 timar. Der er det fisk i meget god kondisjon der kjøttet er raudare enn rogna. Her har Skjåk Almenning den trivelege og godt utstyrte Grønvassbue for utleige. Dette inkluderer også motorbåt og garn.

For den som ynskjer å garnfiske i meir vegnære vatn, vil Legervatna, Heggebottvatnet eller Aursjoen seinhaustes vere gode alternativ. Her har også almenninga båtar for utlån.

Parturen

Kvitberghytta i Hamsedalen, Skjåk Almenning.
Kvitberghytta i Hamsedalen, Skjåk Almenning.

For å pleie kjærleiken kombinert med fiske, vil vi anbefale Hamsedalen med overnatting i telt eller Kvitberghytta til Skjåk Almenning. Hytta er av enkel standard, men triveleg og godt utstyrt med ved, talgljos, gassbluss og kokkeutstyr.

Ein kan velje to ruter til Kvitberget. Enten med utgangspunkt frå Djupvatnet via idylliske Kolbeinsdalen (DNT-sti) eller via Hamsedalen etter merka sti med utgangspunkt frå Hamsevika.

Frå Kvitberget får du eit veldig godt utgangspunkt for toppturar i eit fjellmassiv i Skjåk- og Tafjordfjell, samt fiskemoglegheiter i vatna i Hamsedalen og Vien.

Elvefiskaren

Skjåk har 250 kilometer rennande vatn du kan freista lykka i. Området har store variasjonar frå stad til stad, og årstid til årstid. Det einaste du kan vera sikker på er at naturen kan slå pusten frå deg.  Du kan starta aurefisket i slutten av april i Ottaelva.
Skjåk har 250 kilometer rennande vatn du kan freista lykka i. Området har store variasjonar frå stad til stad, og årstid til årstid.
Det einaste du kan vera sikker på er at naturen kan slå pusten frå deg. Du kan starta aurefisket i slutten av april i Ottaelva.
Det einaste du kan vera sikker på er at naturen kan slå pusten frå deg. Du kan starta aurefisket i slutten av april i Ottaelva.

I Skjåk kan du med eitt og same fiskekort prøve lykka i 25 mil med fiskeførande elver. Framrustelva er ei av fleire sideelver som kan by på artige opplevingar med svært bitevillig fisk i småe kulpar. Fisken er småfallen, men opplevinga kan likevel vera stor for rekrutten. Veldig fin elv for mark eller spinnarfiske.

Hovudvassdraget i Skjåk, er Ottaelva som strekkjer seg frå vest til aust gjennom heile kommunen. Her vil du eksempelvis finne gode fiskeplassar aust for Marlo, i Nordberg og i Pollvatnet.

Powered by Labrador CMS